Breim vilt- og fiskelag

Breim vilt- og fiskelag Her finn du informasjon om jakt og fiske i Breim.

Vi gratulerer Alv Kandal som første æresmedlem!-Når det gald det nye styret og fiskereglar i Breimsvatnet skriv FT:-Akse...
18/05/2026

Vi gratulerer Alv Kandal som første æresmedlem!
-
Når det gald det nye styret og fiskereglar i Breimsvatnet skriv FT:
-
Aksel Rygg gjekk ut av styret etter mange års arbeid som kasserar. Han blir avløyst av Mikael Midtkandal.
Styremedlemmene Janne Solheim og Ola Hetle, samt leiar Ola Bergheim, vart alle attvalde. Peder Seime vart vald til ny styremedlem, medan Bent Arne Hetle er første vara.
-
Fiskereglar i Breimsvatnet
Éi av hovudsakene på årsmøtet var fiskereglar i Breimsvatnet.
-
– Her vart det vedteke å forby djupvassdorging. Ein båt kan ha to stenger på ein person til vanleg dorging, men deretter éin person per stong og maks fire stenger per båt. Dermed legg ein til rette for at familiar framleis kan ha med ungar som fiskar med kvar si stong, opplyser Bergheim.
-
Utsetjing av stormaska garn for å ta storaure har vore eit problem.
-
– Det er ikkje lov å setje garn i elveosen. Dette vert no innskjerpa. Storauren som et røye er avgjerande for den biologiske balansen i vatnet.
-
Samtidig vart det vedteke å bruke garn på 20 omfar/31 mm for å fremje utfisking. Her vil ein og annan storaure kome med ein sjeldan gong som bifangst, påpeikar han, og legg til at slike garn blir lånt ut gratis av Alv Kandal i Kandalen og Ola Hetle ved Reed camping på Reed.
-
Elles ønskjer fiskelaget å prioritere samarbeid med 4H og andre for å auke rekrutteringa.
-
– Vi ser det som viktig å få med fleire unge fiskarar, seier leiaren."
-
https://www.firdatidend.no/nyhende/kandal-utnemnd-til-aeresmedlem-i-laget/518976?fbclid=IwY2xjawR4PYJleHRuA2FlbQIxMQBzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEePH12V3QCKZ1ecs-ankPTvNT-F8AtPh0DVHqQDe0iTahQDda3HpFOxPOe3k4_aem_6bHHlTpgHzYhgowuKI2mlQ

Alv Kandal vart onsdag kveld utnemnd til den første æresmedlemmen i Breim Vilt- og Fiskelag. Det skjedde under årsmøtet på Bakar-Jon.

KVA HAR RE ENERGI TATT OMSYN TIL AV FISKELAGET SINE YNSKJE?Fiskelaget og dåverande Breim Bygdeutvikling som fiskelaget s...
13/05/2026

KVA HAR RE ENERGI TATT OMSYN TIL AV FISKELAGET SINE YNSKJE?
Fiskelaget og dåverande Breim Bygdeutvikling som fiskelaget samarbeidde nært med, hadde ei rekke uttaler til Breim Kraft A/S sine planer for utbygging av Breimselva i perioden 2008-2018.
-
Då det nye utbyggingsselskap Re Energi kom med sine foreløpige planer i 2024, hadde dei teke omsyn til fleire ting, både når det galdt minstevassføring, opp frå 4 til 6 m3 om sommaren, og at restavfall frå kommunen sitt renseanlegg på Fløtra ikkje som no skulle gå ut i elva, men førast parallelt med elva direkte til kraftverket, slik at det først kom i elva ved kraftverksutløpet nedanfor Breimshallen.
-
Men det som det ikkje var tatt omsyn til, var å flytte tidpunktet for "vinter" der minstevassføringa går ned frå 6 til 1 m/s frå 1. oktober til 1. november. Og å opne opp for høgare og meir fleksibel minstevassføring også etter dette, og før 1. mai, ut frå klimaendringar og ulike forhold i enkeltår.
-
I Fiskelaget sitt høyringsbrev av 3. juni 2024 var det difor fokuserte særleg på å grunngje det kravet ekstra ut frå fakta om klima og klimaendringar.
-
Også i Re Energi sitt endelege framlegg tidlegare i vår er 1. okt sett som tidpunkt for vinter og overgang til vintervassøring.
-
Styret meiner difor forskyvning av "vinter" lenger utover hausten, og fleksibilitet må vere eitt av hovudkrava for Fiskelaget sin uttale no.
Ein ynskjer også å høyre medlemmene sitt syn på 1. mai som start på sommarvassføring, og om minstevassføringa skal vere 6 m3/s heile perioden mai-september? Eller t.d. høgare fiskemånadene juni-august?

https://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/0794bc4a-abed-488d-8a13-4a4950637df0/202305721/3438844
-

OM NOVERANDE UTBYGGINGSPLANER FOR BREIMSELVA:Etter at grunneigarane sitt prosjekt fekk endeleg nei til utbygging etter k...
13/05/2026

OM NOVERANDE UTBYGGINGSPLANER FOR BREIMSELVA:
Etter at grunneigarane sitt prosjekt fekk endeleg nei til utbygging etter klagebehandling i OED og sluttbehandling i Kongen i Statsråd sept 2018, låg prosjektet nede 3-4 år.
-
I 2022 vart vi i fiskelaget og andre orientert om at grunneigarane hadde gjort avtale med eit anna selskap om utbygging. Dei laga då eit eige selskap for dette - Re Energi, som kom med utgreiing i 2024.
Ei foreløpig utgreiing som både fiskelaget og andre gav merknader til i 2024.
-
Utbyggar, under namnet Re Energi, kom så med eit endeleg planforslag tidlegare i år, og NVE arrangerte eit ope orienteringsmøte om planane i Breimshallen med rundt 40 frammøtte.
-
No er det siste sjanse for lokale innspel på planane, med frist 18. mai.
Bli med på debatten på Fiskelaget sitt årsmøte i kveld onsdag 13. mai kl. 19.00!
-
Og/eller send din eigen uttale til NVE innan måndag 18. mai.
Sjå nærare opplysningar i lenka til samlesida til Re Energi sitt utbyggingsprosjekt:
-
https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=9049&type=v
-

TIL ORIENTERING OM TIDLEGARE PLANER FOR UTBYGGING AV BREIMSELVAPlaner og sakspapir og uttaler i sbd med grunneigarane si...
13/05/2026

TIL ORIENTERING OM TIDLEGARE PLANER FOR UTBYGGING AV BREIMSELVA
Planer og sakspapir og uttaler i sbd med grunneigarane sitt prosjekt 2008-2018 om utbygging av Breimselva ligg framleis på NVE sine nettsider her:
https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=5756&type=V-1
-
Kva av krav og moment frå den gongen er det no viktig å få med i uttale om Ree Energi si utbygging?
Debatt om dette på fiskelaget sitt årsmøte hjå Bakar-Jon i kveld onsdag 13. mai kl. 19.00
Høyringsfrist er måndag 18. mai.
-

HOVUDSAK PÅ ÅRSMØTET I KVELD ONSDAG 13. APRIL KL. 19.00 PÅ BAKAR-JON.To hovudproblemstillingar som i FT-reportasjen:-Som...
13/05/2026

HOVUDSAK PÅ ÅRSMØTET I KVELD ONSDAG 13. APRIL KL. 19.00 PÅ BAKAR-JON.
To hovudproblemstillingar som i FT-reportasjen:
-
Som kommunen har vektlagt:
Korleis ein brukar dei enorme tunnelmassane.
-
For Fiskelaget spesielt:
Gledeleg at det nye planforslaget har betre løysingar for storauren enn det gamle som vart endeleg avslått av Kongen i Statsråd i sept 2018.

Men kan det gjerast enno meir/kva tilleggskrav skal Fiskelaget stille?
-
FT kort om prosjektet:
-
"Re Energi har søkt om konsesjon for bygging av Re Energi Kraftverk i Storelva i Breim. No er planane komne til NVE, som har sendt dei på høyring. 18. mai er høyringsfrist.
-
Støttar utbygginga, men ønskjer plan for bruk av overskotsmasse
Gloppen kommunestyre støttar planane for utbygging av Re Energi Kraftverk, men meiner framlagde planar for handtering av overskotsmasse ikkje er gode nok.
-
Inger H. Aske Lothe
Journalist
Publisert 23.03.2026 - 19:00 Sist oppdatert 24.03.2026 - 13:31
-
Re Energi AS ønskjer å utnytte deler av fallet i Storelva til kraftproduksjon, og kommunen har no utarbeidd ein uttale til konsesjonssøknaden.
-
Av denne går det fram at kommunestyret er positive til at det blir gjeve konsesjon, men politikarane ber om at det blir knytt vilkår om utarbeiding av planar for samfunnsgagnleg bruk av overskotsmassene.
-
Forholdet til storauren
Re Energi er eigd av Cloudberry Production AS som er eit norsk selskap med investeringar innan fornybar energi. Ei utbygging i Storelva er tidlegare omsøkt i regi av Breim Kraft AS, men dette prosjektet fekk ikkje konsesjon, i hovudsak på grunn av forholdet til storauren i Breimsvassdraget.
-
Gjennom ei rekkje tilpassingar og avbøtande tiltak, ivaretek dagens alternativ i langt større grad forholdet til storauren. Prosjektet byggjer mellom anna vidare på dei gode erfaringane med fisketilpassande vasskraftprosjekt som ein mellom anna har sett i Vosso og øvre del av Glomma.
-
To utbyggingsalternativ blei meldt i februar 2024, og tiltakshavar har no valt å søkje om konsesjon for alternativ éin med kraftstasjon i fjell. Alternativ to, med kraftstasjon i dagen ved Breimshallen, er ikkje teke med i søknaden.
-
Vil koste 450 millionar
Utbyggingskostnadene for det omsøkte alternativet er berekna til 450 millionar kroner. Gjennomsnittleg årsproduksjon vil vere på om lag 90 GWh, noko som gjev ein utbyggingspris på fem kroner per kWh.
-
Det er berekna at utbygginga vil gje eit masseoverskot på 300.000 kubikkmeter sprengstein, og i søknaden er det gjeve uttrykk for at det er ønskjeleg at desse steinmassane i størst mogleg grad kan nyttast til samfunnsgagnlege føremål lokalt.
-
Eit massedeponi med kapasitet til å ta imot 130.000 kubuikkmeter er planlagt mellom E39 og elva nær kraftstasjonen. Det er også omtala at Nordfjord Skifer på Sagefloten kan ta imot og bruke noko av steinmassane.
-
Avhengig av dispensasjon
Tiltaket er i strid med LNF-føremålet i kommuneplanen, og vil vere avhengig av dispensasjon for å kunne bli gjennomført. Kommunedirektøren stiller i si vurdering spørsmål knytt til handteringa av overskotsmassar, men bortsett frå dette meiner han at vilkåra for å gje dispensasjon vil vere oppfylt dersom konsesjon blir gjeven."
-

Gloppen kommunestyre støttar planane for utbygging av Re Energi Kraftverk, men meiner framlagde planar for handtering av overskotsmasse ikkje er gode nok.

Minner om informasjonsmøte om Re Energi sine planer om utbygging av Breimselva.Møtet blir arrangert av NVE i Breimshalle...
11/03/2026

Minner om informasjonsmøte om Re Energi sine planer om utbygging av Breimselva.
Møtet blir arrangert av NVE i Breimshallen i morgon torsdag 12. mars kl. 18.00
-
Høyringsfrist 18. mai.
Viktig at mange engsjerer seg!
-
Lang bakgrunn:
Planene vart lansert av grunneigarane i 2008.
Mange runder til det vart nei til planane i Kongen i statsråd i september 2018.
-
Grunneigarane har no overlate rettane til utbygging til RE Energi
Jfr informasjonsmøte som NVE arrangert i Breimshallen i 2024.
På bakgrunn av det som kom fram på det informasjonsmøtet og i dei foreløpige planane til REE Energi vart alle oppmoda om å sende inn høyringsuttaler.
Fiskelaget sende inn høyringsuttale basert på standpunkta Fiskelaget og Bygdeutviklingslaga hadde hatt på den første utbygginga.
-
På bakgrunn av denne 2024-runden har RE Energi jobba vidare med planane siste 2 åra.
Det endlege utbyggignsframlegget blir altså presentert på møtet som NVE arrangerer i Breimshallen i morgon torsdag 12. mars kl. 18.00.
-
Viktig at mange møter og stiller spørsmål.
Og at mange sender inn høyringsuttaler innan høyringsfristen 18. mai.
-
Alle saksdoument finn de på NVE si side om Re Energi sin utbyggingssøknad;:
-
Firda Tidend hadde også omfattande reportasje om framlegget for nokre veker sidan.
-

NVE har fått søknad frå Re Energi AS datert 26. november 2025, om løyve etter vassdragsreguleringslova til bygging av Re Energi kraftverk. Re Energi ønskjer å utnytte fallet i Storelva i Gloppen kommune til kraftproduksjon, der dei nedste om lag 3,3 km av elva vil bli fråført vatn. Kraftverk...

Adresse

Breim
6827

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Breim vilt- og fiskelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Breim vilt- og fiskelag:

Snarveier

Del