29/08/2026
Dette skjer denne veka ✨
Tysdag 1. september
🌿 Tur til Moldahytta med Signe Nordvik som turleiar. Vi går til Moldahytta frå Ytrehus. Turen tek ca 1,5 time. Påmelding seinast kl. 20:00 kvelden før.
Tysdag 1. september
🌿 Unge Naturtalenter 2026/2027
Bli med på Unge Naturtalenter! Er du mellom 15 og 19 år og klar for eit år med friluftsliv, utfordringar og nye venner? Unge Naturtalenter er eit gratis, årslangt program der du får lære friluftsliv gjennom ekte opplevingar ute i naturen.
Onsdag 2. september
🌿Sopptur til Agledalen. Dette vert ein ettermiddagstur der ein både går tur, plukkar sopp og får kontrollert det ein finn av godkjend soppkontrollør 🍄🟫 Avreise kl. 16:30 frå Evja. Vi parkerer ved avkøyringa i Langedalen og går innover mot Angedalen. Undervegs plukkar vi sopp og snakkar om det vi finn. Framme i Angedalen kontrollerer vi korgene; ny kontroll før heimreise av det vi måtte finne på tilbaketuren. Turleiar og soppkontrollør er Fred Arild Grøneng.
Laurdag 5. september
🌿 Kom deg ut-dagen! Dette er DNT sin nasjonale aktivitetsdag for heile familien! 🚶♂️Vi inviterer til ein spennande og variert aktivitetsdag på Sørstrand Folkepark. Vi minner om at på alle Barnas Turlag turar og arrangement har omsorgspersonar ansvaret for sine eigne barn. Arrangementet starter kl. 12:00 og varer til kl. 15:00.
Søndag 6. september
🌿 Tur til Alden! Denne turen er eit samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. Vi går samla oppover frå kaia i Aldevågen og deler oss ved stiskille for dei som vil til Ytstenova 418moh først og deretter til Instenova 480moh ⛰ Resten av turfølget går rett til Instenova. Heile turen via Ytstenova og Instenova er omlag 6 km tur-retur. Turen rett opp til Instenova er omlag 4 km tur-retur.
Det kan bli samordna køyring frå Festplassen v/Laksen i Førde kl. 07:45 til Florø. Gi beskjed ved påmelding om du vil bli med på fellestransport og har bil eller treng transport. Avreise frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 09:00 og retur kl. 14:00 frå Alden. Møt opp i god tid før avgang. Påmelding innan kl. 18:00 fredag kveld.
Påmelding og meir info finn du på lenka nedanfor 👇
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/flora-turlag/vare-fellesturar/