17/06/2026
For ei nydeleg jubileumshelg me hadde! Det var ei verdig og veldig fin feiring av ein ganske so sprek 40 åring! 🥰
Eit mylder av liv, folk og masse fine ting å sjå på og ta del i gjennom helga. Akkurat slik me ynskte at jubileumsfeiringa skulle bli!
Tusen takk til alle våre kjære utstillarar for alle dei fine bodene de har brukt tid på å få i stand og for gleden de sprer på marknaden.
Tusen takk til alle som tok turen til Gaupne og besøkte oss, frå unge til eldre. Det er so kjekt å sjå at de kosar dykk på marknaden vår ❤️
Tusen takk til alle artistar for nydeleg musikk i ulike sjangrer, tusen takk til Jørgen og Henrik som hadde so fint opplegg for barn og unge i Pumptracken, til Johannes og Mai Rauen, til alle som hjelper oss med rigg, tivoliet, bossplukking, parkering, blomeplukking med meir for å få Lustramarknaden til, tusen takk til alle dikka som stiller på dugnad og bidreg med ei hand og eit smil - det betyr meir enn de kanskje forstår.
Tusen takk til Luster Energiverk for at de tek jobben med å koble straum til oss.
Tusen takk til våre sponsorar Luster kommune Luster Sparebank Pyramiden Senter Lerum Avery Dennison. Det hadde ikkje vorte mykje marknad utan dikka med på laget, takk for at de støttar arbeidet me gjer som gjer at so mange folk fekk kose seg gjennom jubileumshelga vår. 💕
Med so mange fine øyeblikk må det blir ein god serie med bilder og små videosnuttar frå jubileumshelga.
Nyt sommaren! Me sjåast til neste år 🍓🌾🌞