Hardanger Fjellfisk As

Hardanger Fjellfisk As Hardanger Fjellfisk AS driv landbasert oppdrett av brunaure i Tyssedal, Odda kommune. Dette gjev god tilvekst og høg filétkvalitet.

Hardanger Fjellfisk AS driv oppdrett av brunaure (salmo trutta) i Tyssedal, Odda kommune. Vi driv landbasert oppdrett i ferskvatn, der vi nyttar friskt fjellvatn frå Hardangervidda og spesialtilpassa fôr. Vatnet vert varma opp via spillvarme frå naboen vår, Tizir Titanium & Iron, før det vert slept i fiskekara. Dette medfører at fsiken vår har ein fin sommartemperatur (10-12 grader C) heile året.

I tillegg har fisken eit skjerma tilvære inne i ein fjellhall, slik at mange utfordringar med sjukdom vert unngått. Det har aldri vore nytta antibiotika i produksjonen. Når fisken når om lag 500 gram, vert den frakta levande til Eidfjord, og slakta ved eige slakteri. Ein rask og skånsam slakteprosess sikrar at fisken får god kvalitet og lang haldbarheit. Den vert deretter frakta fersk, på is, til våre kundar lokalt; og i Bergen, Oslo, Stavanger og Kristiansand.

Adresse

Naustbakken 3
Tyssedal
5770

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardanger Fjellfisk As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardanger Fjellfisk As:

Del