Flora Turlag

Flora Turlag Flora Turlag skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenneleg friluftsliv 🤩

29/05/2026
Kem hadde trudd at nokon skulle slå Stig Solheim sin faste rutine med å sjekke ut alle 64 trimpoeng-måla først? 6 sesong...
29/05/2026

Kem hadde trudd at nokon skulle slå Stig Solheim sin faste rutine med å sjekke ut alle 64 trimpoeng-måla først? 6 sesonga med Trimpoeng måtte til før det skjedde. I år kan vi gratulere Steinar Yven med å vere først til 64/64 🏆 Eit imponerande tempo, spesielt med tanke på det været vi har hatt i mai.

Vi tar av oss hatten 🎩 Premie kjem sjølvsagt din veg! Vi kan friste med to-retters middag hos Hjørnevikbua Resturant for to personar.

Godt, godt jobba Steinar!

📷 Sigbjørn Stenseth

Dei 15 som var med Flora Turlag til Selje onsdag og torsdag denne veka hadde ei flott oppleving. Ekspressbåten frakta os...
28/05/2026

Dei 15 som var med Flora Turlag til Selje onsdag og torsdag denne veka hadde ei flott oppleving. Ekspressbåten frakta oss sytalaust frå Florø til Selje der vi etter rask innkvartering i den gamle prestegarden og ei rorbu tok beina fatt opp dei bratte trappene til dagsturhytta Sjøglytt. Den ligg rett ovanfor Seljebygda og gir utsyn utover Stadlandet, og øyane Selja, Barmen og Silda og havstykket Sildegapet. Men vi skulle vidare mot høgste punktet på Stadlandet, Tarvaldsegga. Stien går ganske slakt eit godt stykke og er tørr og fin med treflis i våte parti lagt på av dugnadsgjeng frå bygda. Det siste bratte stykket opp mot toppen på 645m har sherpaer bygd nærare 600 steintrinn av stein henta på staden og med steghøgde som passa oss utmerka. Vel oppe såg vi vidt mot kjende og ukjende landemerke, og skoddedotten som låg rundt toppen då vi gjekk i land, hadde forvunne bakstaveleg tala som " dugg for solen."
Vi var også så heldige at vi hadde følgje av Torkjell Djupedal, forfattaren av dei kjende Opptur-bøkene og med sterke anar til området. Han kunne det meste som er verdt å vite om historia og geografien til Selje og omlandet. Vel nede att etter mange steg og med litt møyre bein, venta det middag i Frimannsbua med torsk på tallerkenen.
Etter påfølgjande quizz og drøs på prestegarden, tok vi natta mot neste dag som var avsett til å utforske historia og topagrafien til Selja, den myteomspunne heilage øya som ein gong låg sentralt plassert mot Nordsjøen og ferdselvegane. Tida då Selja var bispesete med benedikterkloster gir restane på vestsida av øya handfaste bevis på, men sagnet om St. Sunniva den irske prinsessa som tok landnåm med sine seljumenn, kan ikkje bevisast vere meir enn eit sagn, sjølv om vi fann både vasskjelda og berghola der St. Sunniva døydde. Djupedal som også var med oss denne dagen, fortalde levande om alt dette. Frå klosterruinane og St.Sunniva-hellaren vende vi heimover, nokre langs sjøen rundt øya og dei andre opp bratta frå hellaren og over øya der ein skyssbåt tok oss attende til Selje og ekspressbåten like etterpå heimatt til Florø. Dette vart ein innhaldsrik tur med påfyll av gode opplevingar for alle, så då gjenstår det berre å seie tusen takk for ein kjempefin tur i godt lag.

Snart helg, med klassikeren Øyane Over! 🤩🏃‍♂️
26/05/2026

Snart helg, med klassikeren Øyane Over! 🤩🏃‍♂️

Årets vakraste eventyr skjer søndag 31. mai 2026 !Turen "Øyane Over" er ein klassikar på turprogrammet, og står fram som vår hovudtur i sommarsesongen - ” Vårens vakraste eventyr" sette Turlaget som motto for denne turen. Turen tek deg med på kystkultur tur til øyane…

Denne veka har vi mykje kjekt på programmet! 🤩Tysdag 26. mai❗Ettermiddagstur til Store Batalden vert avlyst pga vêret.On...
24/05/2026

Denne veka har vi mykje kjekt på programmet! 🤩

Tysdag 26. mai
❗Ettermiddagstur til Store Batalden vert avlyst pga vêret.

Onsdag-torsdag 27.-28. mai
🌸Overnattingstur til Selje! Signe Nordvik er turleiar. Avreise onsdag kl. 11:30. Vi er i Selje kl. 13:05. Tur med Torkjell Djupedal til Tarvaldseggja m.m. frå Selje sentrum, middag på Frimannsbuda, overnatting i Selje der det er plass til 24 personar tilsammen. DNT medlem vert prioritert. Torsdagen vert det tur til Selje klosteret og tur rundt på øya med Torkjell. Retur til Florø kl. 15:20 frå Selje.
🌸 Padletur Prestholmen-Veiesundet 🚣Vi samlast ved DNT-naustet på Prestholmen kl. 17:30 og padlar over Solheimsfjorden til Veiesundet. Turen har krav om våttkort.

Laurdag 30. mai
🌸Flora Turlag fylte 50 år i år, og dette markerer vi med ei stor, inkluderande og familievenleg jubileumsfeiring på Sørstrand Folkepark 🥳 Arrangementet er gratis og ope for alle; vi ønskjer både medlem, tidlegare frivillige, barnefamiliar og nye nysgjerrige, velkommen til ei triveleg feiring ved sjøen 🌭

Søndag 31. mai
‼️Øyane Over-turen vert utsatt til 30. august!

Påmelding og meir informasjon om turane og arrangementa, finn du i vår aktivitetskalenderen; link i bio 📆

Denne veka var Tur&kultur på tur til Stongfjorden med to toppturar frå Staveneset. Fyrste stopp på turen var ved grendah...
21/05/2026

Denne veka var Tur&kultur på tur til Stongfjorden med to toppturar frå Staveneset. Fyrste stopp på turen var ved grendahuset i Stongfjorden der vi vart tekne vel imot av Gustav Skaar og Magnar Vie.
I Gustav sin blogg kan du lese om besøket vårt.
Etterpå køyrde vi dei 12 km til Hollevika på Staveneset og gjekk tur til Høgeheia og Furefjellet. For oss som trivst best i øpna landskap så var utsikta frå toppane fantastisk flott. 360 grader utsyn!
https://gustavskaar.blogspot.com/2026/05/kjekke-turfolk-fra-flor.html?m=1

Turtips - Brandsøyåsen og Dagsturhytta ✨ Rundt Florø sentrum finn du fleire turar på UT-appen, og for deg som vil samle ...
21/05/2026

Turtips - Brandsøyåsen og Dagsturhytta ✨

Rundt Florø sentrum finn du fleire turar på UT-appen, og for deg som vil samle SjekkUT-postar til Turtrimmen, ligg det mange i området.

Brandsøyåsen - kan vi få flest besøk der i år? Dagsturhytta - klarer vi dagsturhytta med flest besøk?

Utgangspunkt kan vere frå Florø Omssorgsenter. Der finn du 2 turforslag - Florø Ungdomsskule finn du 1 turforslag - Havhesten finn du 1 turforslag - Solheim ved Kvernhuselva finn du 2 turforslag - Brandsøy Skule finn du 1 turforslag - Brandsøy Parkering finn du 1 turforslag - Mækjevika finn du 1 turforslag - Grov finn du 3 turforslag.

Du kan gå spor på UT-appen og lagre dei som Mine Turar. Du finn sporing til høgre på kartet - svart ring.

Sjekkar du inn på SjekkUT kan du følge med på når du var der og tok SjekkUT. Opnar du UT-appen, finn du besøka dine på nederste linje - SjekkUT.

Dei som har besøkt flest SjekkUT-postar i Turtrimmen har 31 ulike SjekkUT punkt. Den som har flest besøk har 90 besøk.

Lista med Turtrimpostar finn du på Flora Turlag Turtrim 2026.

20/05/2026

Gjennom prosjektet "Eg gjekk ein tur på stien" har DNT Sogn og Fjordane fått midlar av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å gjennomføre en rekke stikurs for alle frivillige lag og organisasjonar som har ansvar for turstiar i Sogn og Fjordane. Den 31. mai arrange…

Tysdag ettermiddag tok vi ettermiddagsbåten til Skorpa. Sola skein og både turleiarane og dei andre hadde god tru om at ...
20/05/2026

Tysdag ettermiddag tok vi ettermiddagsbåten til Skorpa. Sola skein og både turleiarane og dei andre hadde god tru om at varsla regn ikkje ville kome over oss. Men der tok vi litt feil….

Gratulerer med dagen! Håpar alle har ei flott 17. mai feiring i dag!🌿🇳🇴 Denne veka har vi flotte turar på programmet! Må...
17/05/2026

Gratulerer med dagen! Håpar alle har ei flott 17. mai feiring i dag!🌿🇳🇴
Denne veka har vi flotte turar på programmet!

Måndag 18. mai
🌻 Klar for ny Turbotur? Vi møtas på parkeringsplassen ved Flora Ungdomsskule. Frå der går vi grusvegen opp til utsikta før vi følger stiar på ein rundtur i Storåsen 🍃 Nils Magnus Eliassen og René Korneliussen er turleiarar.

Tysdag 19. mai
🌻 Tur til Skorpa med turleiar Signe Nordvik. Vi går inn langs Skorpevatnet, deretter går stien jamt oppover til Blåkollen, der ein kan hente trimpoeng 🏃‍♀️ Vi må rekne ca 4 timar opp og ned. Retur til Florø med rutebåten kl. 20:25. Meld deg på i god tid, seinast kl. 20:00 kvelden før!

Onsdag 20. mai
🌻 Tur til Staveneset, Stongfjorden med Signe Nordvik som turleiar. Furefjellet og Høgenipa frå Staveneset ⛰️ Stopp i Stongfjorden med industrihistorie med Magnar Vie og Gustav Skår. Avreise kl. 09:00 i privatbilar.

Påmelding og meir informasjon om turane, finner du i vår aktivitetskalender; link i bio 📆

Adresse

Florø
6900

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

+4790699057

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Flora Turlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Flora Turlag:

Del