10/07/2025
På laurdag er det sommarmarknad i Hjelmelandsvågen kl 12-15. Det vert mange kjekke utstillarar, mykje god lokalmat, og ymse konkurransar og aktivitetar ein kan vera med på ☀️🍓
𝗦𝗼𝗺𝗺𝗮𝗿𝗺𝗮𝗿𝗸𝗻𝗮𝗱 𝗶 𝗛𝗷𝗲𝗹𝗺𝗲𝗹𝗮𝗻𝗱𝘀𝘃å𝗴𝗲𝗻
Laurdagane 12. juli og 26. juli blir det sommarmarknaden i Hjelmelandsvågen kl. 12.00-15.00.
Kom og opplev stemningsfull sommarmarknad på kaien i Hjelmelandsvågen! Her kan du slå av ein prat med nye og gamle kjente, nyte sjøutsikta med noko godt til kaffien og ikkje minst få med deg heim flotte lokale produkt.
Hjelmeland turlag er medarrangør marknadsdagen 12. juli og har mellom anna aktivitetar som konkurranse om "Beste foredla foredla sankeprodukt", orienteringskonkurranse/eller natursti og andre aktivitetar.
I tillegg kan du oppleve dette på desse dagane...
𝗦𝗼𝗺𝗺𝗮𝗿𝘂𝘁𝘀𝘁𝗶𝗹𝗹𝗶𝗻𝗴 𝗼𝗴 𝘀𝗼𝗺𝗺𝗮𝗿𝗸𝗮𝗳é
På Spinneriet kan du i tillegg sjå 2 sommarutstillingar, nyte noko godt på sommarkaféen og få gode tips frå turistvertane om kva du kan oppleve i Hjelmeland. Opningstid for Spinneriet er er man-fre kl. 10.00-16.00, laur/søn kl. 12.00-16.00.
𝗛𝗷𝗲𝗹𝗺𝗲𝗹𝗮𝗻𝗱 𝗯𝘆𝗴𝗱𝗮𝗺𝘂𝘀𝗲𝘂𝗺
Hjelmeland bygdamuseum er også verd eit besøk! Her er det ope kl. 12.00-15.00.
𝗚𝘂𝗶𝗱𝗮 𝗵𝗶𝘀𝘁𝗼𝗿𝗶𝘀𝗸 𝘃𝗮𝗻𝗱𝗿𝗲𝘁𝘂𝗿
Kl. 14.30 kan du være med på den historiske vandreturen "Sølvskatt og skrekknatt - ei historisk vandring i gamle Vågen". Guide er Nils Viga Hausken. Kr. 150,- pr pers. Oppmøte på kaien.
𝗟𝘆𝘀𝘁 𝘁𝗶𝗹 å 𝘃𝗲𝗿𝗲 𝗺𝗲𝗱 𝗽å 𝗸𝗼𝗻𝗸𝘂𝗿𝗿𝗮𝗻𝘀𝗲𝗻 "𝗕𝗲𝘀𝘁𝗲 𝗳𝗼𝗿𝗲𝗱𝗹𝗮 𝘀𝗮𝗻𝗸𝗲𝗽𝗿𝗼𝗱𝘂𝗸𝘁"?
Her er tipsa frå Hjelmeland turlag: Ta turen ut i natur eller hage og sank inn ein god råvare for sesongen. Lag noko godt og delikat - gjerne tradisjonelt med ein ny vri, noko heilt eigenkomponert eller noko frå ein heilt ny idè. Me snakkar om saft, syltetøy, pestoar, krydder, sausar , sirup.....ja, kriteriet for konkurransen er at det er etande eller drikkande.
Lever inn til sekreteriatet hjå Hjelmeland Turlag sin stand før kl. 14.00 laurdag 12. juli. Kriterier juryen legg vekt på: Smak, utsjånad, kreativitet og wow-faktor. Premiering kl. 14.45
For oppdatert informasjon om marknaden 12. juli:
www.facebook.com/events/23991697677158700
𝗩𝗲𝗹𝗸𝗼𝗺𝗺𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹 𝗴𝗼𝗱 𝘀𝘁𝗲𝗺𝗻𝗶𝗻𝗴 𝗽å 𝗸𝗮𝗶𝗲𝗻!