27/05/2024
❗️Viktig melding frå bruentreprenøren til alle sjøfarande i Ytre Steinsund❗️
Neste veke, i veke 22, vil det bli oppankra ein lekter i området aust for Gurineset. Det vil gå fortøyingar mot holmane nord/vest for området mellom Gurineset og Brattholmen. Det blir og ein del ankerfortøying som går i sør/aust retning.
I veke 23 kjem det ein lekter til inn i området. Denne lekteren skal senkast i sjøen nord for Gurineset, og det skal inn ei sjøkran som skal løfte to fundament av denne lekteren.
Entreprenøren skal merke vaierar og fortøyingar, men ber om særleg aktsemd med bruk av båt i området mellom Brattholmen og Gurineset når det ligg lekter i området.