Opplev Hareid

Opplev Hareid Opplev Hareid:
Seinsommarfest- alltid veke 32
Førjulstid - alltid 1.helga i advent
Hareidsstemna - alltid veke 42

03/09/2026

⚓ Brandalsdagane 2026 – no er vi klare! 💙

Programmet byr mellom anna Cars & Coffee, barnedisco, motbakkeløp, bading, aktivitetar for borna, hoppeslott og Funballz, kafé og kaker, fotballkamp, quiz, bingo – og Ishavsmuseet Aarvak held sjølvsagt ope alle dagar. ⚓🎉

👉 Alle aktivitetar for born er gratis!
👉 Laurdag blir det både kafé og bodar ved Grendahuset – og det blir mogleg å kjøpe seg mat gjennom helga.
👉 Ta gjerne med familie, vener og naboar og bli med på det som skjer!

Ei stor takk til Sparebanken Møre, Trident og Brakali for støtte til Brandalsdagane og aktivitetane for borna. 💙

📌 Sjå plakaten for heile programmet og klokkeslett.
Meir informasjon finn du på brandalinfo.no og i sosiale medium hos Ishavsbygda Brandal.

Arrangør: Brandal Vel og Brandal IL, i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak.

Del gjerne!

13/08/2026

🎬 Endå fleire fine augeblikk frå Barnefestivalen! 💛

Så mykje rakk vi å oppleve på éin innhaldsrik dag – latter, smil, aktivitetar, gode møte og ei fantastisk stemning. Og det aller finaste er å sjå kor mange glade barn som kosa seg på festivalen. 🥰

Her kjem ein liten videosamling med nokre av dei beste augeblikka – slike stunder vi gjerne vil ta vare på og sjå tilbake på. ✨

Vi elskar å skape slike arrangement for dykk – og ja, planlegginga av Barnefestivalen neste år er allereie i gang! 🤩

Vi gler oss allereie!

Sjå desse rå bileta frå KNEKT på Trippelkonserten vår! 🔥📸
12/08/2026

Sjå desse rå bileta frå KNEKT på Trippelkonserten vår! 🔥📸

11/08/2026

For ein fin UKM-dag vi fekk! ✨

I år fekk vi oppleve song, dans, musikk, kunst og teikningar frå mange flinke barn og unge. Det er skikkeleg kjekt å sjå kor ivrige dei er etter å uttrykkje seg, og kor mykje skaparglede, engasjement og gode idear dei har!

Det var også veldig kjekt å sjå så mange i publikum. Tusen takk til alle som kom for å heie, støtte og vere med på å skape den gode stemninga! ❤️

Saman blei det ei skikkeleg fin feiring av kreativitet, glede og gode opplevingar.

Vi gler oss allereie til neste år – og håpar å sjå dykk alle igjen! 🌟

Takk til Ung Kunst og Kultur for støtte!
Møre og fylkeskommune
Hareid kommune
Ungdom i Hareid
UKM

🎶 Musikk, dans, smil og skikkeleg god stemning – slik vart Trippelkonserten under Seinsommarfest!Ole Hartz & Kameratene,...
10/08/2026

🎶 Musikk, dans, smil og skikkeleg god stemning – slik vart Trippelkonserten under Seinsommarfest!

Ole Hartz & Kameratene, KNEKT og Hit Station leverte flotte konsertopplevingar frå scena, og publikum gjorde resten. De song med, dansa, smilte og kosa dykk med musikken.

Tusen takk til artistane – og ikkje minst til alle de som kom og var med på å skape denne fine kvelden saman med oss! ❤️

For ein Barnefestival! 💛Det var utruleg kjekt å sjå så mange barn og familiar på årets Barnefestival! Og ekstra kjekt er...
10/08/2026

For ein Barnefestival! 💛

Det var utruleg kjekt å sjå så mange barn og familiar på årets Barnefestival! Og ekstra kjekt er det å sjå at festivalen veks og samlar stadig fleire både deltakarar og organisasjonar for kvart år.

Mykje latter, leik, glede og små og store opplevingar gjennom dagen – akkurat det vi ønskjer å skape. ✨

Tusen takk til alle som kom og var med på å gjere dagen så fin! 💛

09/08/2026

Vi gjer oss klare! 🎤✨
Kom kl. 18.00 og sjå våre unge talent på scena! 💛
Vi ventar på deg!

🎨🎶 UKM-festival i dag!I dag samlast vi til ein ettermiddag og kveld fylt med kunst, musikk og unge talent! ✨🕓 Kl. 16.00 ...
09/08/2026

🎨🎶 UKM-festival i dag!

I dag samlast vi til ein ettermiddag og kveld fylt med kunst, musikk og unge talent! ✨

🕓 Kl. 16.00 – Opning av kunstutstillinga i ungdomsklubben
🎤 Kl. 18.00 – Sceneshow

Kom og opplev det ungdommane våre har skapt og øvd på – og bli med på ein skikkeleg kjekk kveld saman! 💛

Vel møtt!

08/08/2026

Hit Station set verkeleg fyr på scena på Seinsommarfest! 🔥🎶

Adresse

Hareid
6060

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Opplev Hareid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del