Matkroken Hjelmås

Matkroken Hjelmås Døgnopen dagligvarehandel og møteplass for store og små. Utsalg av Brødbakst fra Hjelle bakeri. Me har heimlevering til kunder tirsdag og fredag.

Kontaktinformasjon for bestilling av varer: 56353015
[email protected]

VI HAR PASSERT 5000 SOLGTE PØLSEBRØD!!!!!🌭Da e vannvittige mengder, 2000 igjen, og da e eg øvebevist om at me får te🤩🌭Kj...
20/05/2026

VI HAR PASSERT 5000 SOLGTE PØLSEBRØD!!!!!🌭

Da e vannvittige mengder, 2000 igjen, og da e eg øvebevist om at me får te🤩🌭

Kjøpmannen feirer dagen, med pølsebrød og tomatsuppa idag🥳

Rekebaguette ala Hjelmås🍤🥖Fortsatt pølsebrød tilgjenglig i butikken. Bruk fantasien og leik med smakane🤩
16/05/2026

Rekebaguette ala Hjelmås🍤🥖

Fortsatt pølsebrød tilgjenglig i butikken. Bruk fantasien og leik med smakane🤩

15/05/2026

Det er fredag i bygda, det regnar litt lett,
folk er svoltne og vil berre bli mett.
Taco var planen, det pleier jo gå,
Kom innom butikkjen , så skal du få sjå!

Nett innom døre, på eit torg som står fritt
der ligg pølsebrøda og ventar på sitt.
Dei har ikkje spurt, dei har ikkje krav,
dei ligg der og seier: “Dette går bra.”

Kjøtdeig i panna, litt saus som renn ut,
det blir ikkje vakkert, du vert mett til slutt.
Du legg det i brødet, brettar litt skeivt,
og et før du rekk tenkja, at dette er greitt.

For fredag er fredag, ein skal ha litt brel
at pølsebrødene sel, da e da so tel!
Så bygda et taco på sin eigen måte,
i pølsebrød – da gjer ikkje nåke.

KOM Å KJØP, PØLSEBRØD OG LØK!!

OPPDATERING FRÅ PØLSEFRONTEN 🌭Det som starta som eit lite overskot av pølsebrød, har no utvikla seg til full mobiliserin...
14/05/2026

OPPDATERING FRÅ PØLSEFRONTEN 🌭

Det som starta som eit lite overskot av pølsebrød, har no utvikla seg til full mobilisering.

I dag vart det servert pølser i 1-årsdagen til unkelungen til kjøpmannen.

Det vart kamp om pølsene😅

Og når folk først byrjar å tenkja kreativt i ei pølsekrise, ja då kjem løysingane fort:
Nokon løyste det rett og slett med éi pølse i TO brød.

Og hugs:
Det finst ingen fasit på korleis ein et pølse.
Berre at brødet må brukast opp.

14/05/2026

Det nærmar seg 17. mai, og me må berre vera ærlege.
Ein stad mellom bestilling og levering har handelsmannen vore litt for optimistisk på pølsas vegner.
Resultatet ligg no trygt i frysane våre:
rundt 7000 pølsebrød, klare for teneste.
Problemet er berre at me ikkje har frysekapasitet nok til alle desse brøda,
så dei må vidare ut i verda – og det helst i den snaraste framtid.
Dei kom på tysdag.
Me har fylt alle frysarane me har.
Pølsa er klar. Brødet er klart.
Klart for ein kjapp ein – enten det er midt i veka eller litt spontant 😅🌭
For pølsa bryr seg ikkje om det er kvardag eller fest.
Ho stiller opp i barnebursdag, reddar travle middagar, dukkar opp på grillfest –
og er heilt uunnverleg på 17. mai.
Ho krev lite, men leverer mykje.
Og nei – det blir ingen stiv pris om du kjem til oss for pølsefest heller 😉
Me har til og med laga til eit lite torg i butikken med tilbehøyr som passar godt i brødet.
Så om du kjenner at det kunne passa med litt ekstra pølsestemning framover, veit du kvar du skal gå.
Pølsebrød får du i alle fall tak i på Hjelmås, heile døgnet 🙂

LIK OG DEL, DA SET ME PRIS PÅ.

☀️ Helga er her – og sola skin på Hjelmås (enn så lenge) 😎Me tek det som eit teikn.Kjølediskane er klare, grillane byrja...
08/05/2026

☀️ Helga er her – og sola skin på Hjelmås (enn så lenge) 😎
Me tek det som eit teikn.
Kjølediskane er klare, grillane byrjar å klø litt rundt om i bygda, og me har fylt opp butikken med nokre skikkelege favorittar både denne veka og neste 👀👇
🍓 Det byrjar å lukta sommar når jordbæra kjem fram (39,90,-)
🔥 Grillpølser og nakkekotelettar ligg klare for første (eller tredje) grillrunde
🍗 Lettvint middag? Kylling i biter reddar både tid og humør
🍫 Litt helgekos må til – og ja, det er gode kupp på sjokolade
🥤 Og noko kaldt i glaset? Me seier ikkje meir enn at brus‑hylla er verdt ein ekstra kikk 😉
Kort sagt:
Enten du skal på grillbesøk, eller berre vil ha ein roleg helg med noko godt – me har det klart ✅
Stikk innom Matkroken Hjelmås og ta helgehandelen hos oss 😊
Me sjåast! 🛒✨

🚗💨 STOPP SCROLLING – DET ER DATABRUS‑ONSDAG! ⚡💻Ja, det er i dag.Ja, kjølen er full.Ja, dette er dagen Hjelmås får litt f...
29/04/2026

🚗💨 STOPP SCROLLING – DET ER DATABRUS‑ONSDAG! ⚡💻
Ja, det er i dag.
Ja, kjølen er full.
Ja, dette er dagen Hjelmås får litt for mykje energi 😄
⚡ Monster (databrus) til 15,- + pant
📅 Berre i dag – onsdag
🔒 Maks 5 stk pr husstand (elles må me ringa etter fleire handlekorger)
🎁 OG IKKJE NOK MED DET:
Kjøper du Monster i dag, kan du bli med i
👉 trekning av 1 brett valfri Monster 🥤🥤🥤
Slik gjer du det:
✍️ Skriv namn + nummer på kvitteringa
📥 Legg ho i trekningsboksen ved kassen
🤞 Kryss fingrane og håp på full klaff
Dette er ein heilt gyldig grunn til å ta ein tur nedom butikken 😉
Me sjåast!
📍 Matkroken Hjelmås
⚡ Når energien er brukt opp, er det over.

🛻⚡ DATABRUS‑ONSDAG PÅ HJELMÅS! ⚡🛻Det er onsdag, og det betyr éin ting:Databrus i kjølen og folk i farta 😄⚡ Monster (aka ...
22/04/2026

🛻⚡ DATABRUS‑ONSDAG PÅ HJELMÅS! ⚡🛻
Det er onsdag, og det betyr éin ting:
Databrus i kjølen og folk i farta 😄
⚡ Monster (aka databrus) til 15,- + pant
📅 Kun onsdagar
🔒 Maks 5 stk pr husstand – elles spring heile Hjelmåsbygda rundt som jojoar 🏃‍♂️🏃‍♀️
Desse boksane gjer så mykje energi at:
✅ plenklippinga går fortare
✅ gaminga varer lengre
✅ naboen helsar litt raskare enn vanleg
Kort sagt: det blir spenst i bygda 💥
Stikk innom før det tek slutt!

🔥 Mykje godt i hyllene denne veka! 🔥No har me fylt opp Matkroken med skikkeleg fine tilbod – her er det berre å plukka m...
22/04/2026

🔥 Mykje godt i hyllene denne veka! 🔥
No har me fylt opp Matkroken med skikkeleg fine tilbod – her er det berre å plukka med seg favorittane 👀👇
✅ Grillpølser og grillmat – klar for fyrste runde på grillen
✅ Kronemarked på masse digg – både middag, snacks og kosemat
✅ Bygglunsj, knekkebrød, majones, kaffe og mykje meir
✅ Knallpris på smågodt, sjokolade og energidrikk på utvalde dagar
✅ Fast brød til fast pris – slik me likar det
✅ Medlemskupp på både mat og blomster 🌹
Kort sagt: god handel for både kvardag og helg 💸
Ta turen innom, så hjelper me deg gjerne om du lurer på noko – me gler oss til å sjå deg! 😊
📍 Matkroken Hjelmås
🛒 Tilboda gjeld så langt lageret rekk

🚧 Bedrift for veka – EntreprenørserviceMe i Matkroken Hjelmås er glade for å løfte fram lokale kundar som gjer ein forsk...
19/04/2026

🚧 Bedrift for veka – Entreprenørservice
Me i Matkroken Hjelmås er glade for å løfte fram lokale kundar som gjer ein forskjell – både i kvardagen vår og for lokalsamfunnet. Denne veka er det Entreprenørservice som står i fokus.

⭐ Frå ein kopp kaffi til fast samarbeid
På hausten i fjor dukka det opp nokre kjekke karar frå Entreprenørservice her hjå oss, med Håkon Harry i spissen. Det starta med ein kopp kaffi og ein god prat – og enda med at dei i dag handlar all maten dei treng til mannskapsbrakkene sine, som er plasserte på Torvhusmyrane, Nordhordland Næringspark.
Dei kjem innom og handlar maten sjølve, og det merkar me godt – for av og til blir bollehylla vår tømt på rekordtid ☕🥐
Det seier mykje om ein arbeidsgivar som tek godt vare på folkene sine i ein travel arbeidskvardag.

👷 Eit stort og profesjonelt entreprenørmiljø
Entreprenørservice er langt frå eit lite selskap. Dei er rundt 60 tilsette, har solid fagkunnskap og lang erfaring frå store og krevjande anleggsprosjekt over heile landet.
Dei er kjende for å vere effektive, profesjonelle og løysingsorienterte, og tek på seg både små og svært store oppdrag innan anleggsarbeid.
Dei har vore involverte i mange kjende prosjekt innan veg, tunnel og infrastruktur – og er eit selskap ein verkeleg kan stole på når det gjeld kvalitet og gjennomføring.

🚶‍♀️🚴 Gang‑ og sykkelvegen – eit løft for heile området
Entreprenørservice jobbar no med det viktige prosjektet gang‑ og sykkelveg på E39 frå Vikane til Eikangervåg. Dette er eit stort anlegg med bygging av ny gang‑ og sykkelveg, lys, kulvertar og utbetring av eksisterande veg.
Når dette prosjektet står ferdig, vil det bli kjempepositivt for både bygda og oss i Matkroken Hjelmås.
Då kan folk gå og sykle trygt til butikken, heile året – dag og natt. Det gjer det enklare å ta ein handletur til fots, med sykkel, barnevogn eller rullestol, og bidreg til både betre folkehelse og eit meir levande nærmiljø.
Dette er eit framtidsretta tiltak me gler oss stort til å sjå ferdig.

🤝 Opptatt av å bruke lokale bedrifter
Det me set ekstra stor pris på, er at Entreprenørservice er bevisst på å bruke lokale bedrifter der dei jobbar.
Dei et middag hjå Gjertrud på Ostereidet Kro, nyttar bedriftene i Nordhordland Næringspark, og bidreg på den måten aktivt til lokal verdiskaping.
Slike val betyr mykje – både for oss, og for heile næringslivet i området.

💚 Tusen takk for tilliten
Me i Matkroken Hjelmås set utruleg stor pris på samarbeidet med Entreprenørservice.
Tusen takk for at de handlar lokalt, for hyggelege besøk i butikken – og for at de er med og byggjer framtida i bygda vår.

📩 Til bedrifter i Nordhordland
Har de brakkerigg, prosjekt eller arbeidsplass i området – og ønskjer mat eller lunsj levert?
Send ein e‑post til [email protected] – så tek me ein hyggeleg og uforpliktande prat.

Adresse

Leknesvegen 389
Hjelmås
5915

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Matkroken Hjelmås legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Matkroken Hjelmås:

Del