Smak av Sogn Landhandel/Farmers Market

Smak av Sogn Landhandel/Farmers Market Opening hours: Friday & Saturday 11-15


Fresh fruit , cherries and cinnamon rolls

Hels på den nye medarbeidaren vår  Hval Ødegård. Silje har allereie god hand med kanelsnurrane🥰👌og me er glad for å ha S...
18/07/2026

Hels på den nye medarbeidaren vår Hval Ødegård. Silje har allereie god hand med kanelsnurrane🥰👌og me er glad for å ha Silje på laget🥰

På veg til Smakavsogn : Dei beste jordbæra! Nyplukka jordbær frå  🍓🍓🍓🍓 og produsent  og Toril Tørvi Grøthe 😄👌        sma...
05/07/2026

På veg til Smakavsogn : Dei beste jordbæra! Nyplukka jordbær frå 🍓🍓🍓🍓 og produsent og Toril Tørvi Grøthe 😄👌 smakavsogn

08/05/2026

Endelig blir det flertall for at småskalaprodusenter kan selge vin og sterkere varer fra gårdsutsalg. Det er et godt grep for næringslivet i distriktene, med neglisjerbare sosiale konsekvenser.

Lenke i kommentarfeltet ⬇️

 bakar og opnar landhandelen laurdag 25/4 i samband med   i  😀🥰       #
24/04/2026

bakar og opnar landhandelen laurdag 25/4 i samband med i 😀🥰 #

Dyktige produsentar🥰👌👏Øvstabø Gard, Balholm - produkt, Ølmheim Gard
24/04/2026

Dyktige produsentar🥰👌👏Øvstabø Gard, Balholm - produkt, Ølmheim Gard

Sider frå Sogn utmerkar seg internasjonalt!🌍🥳 I helga gjekk Cider World Frankfurt av stabelen, Europas største og mest prestisjetunge fagmesse og prisutdeling for sider og fruktvin. Sider frå Sogn tok heile sju prisar i toppen!

Ciderhuset Balholm (Balestrand) fekk høvesvis to sølv og ein bronse for sidrane sine Vestland, Sognefjord og Vestland Rosé – og fekk dermed pris for alle innsendte produkt!🎉

Øystein Bøe (Lærdal) fekk sølv i kategorien for mussererande sider for sin Lystig Sider Aroma og Gravenstein, og bronse for Lystig Sider Aroma👏

Ølmheim siderhage fekk bronse for både Ølmheim Stille Sider og Ølmheim Tradisjonell Metode🍾

Me er stolte!!❤️🍎

Noreg gjorde det generelt svært bra, og me gratulerer også Sandalen gård (som gjekk heilt til topps i den største kategorien!), Egge Gård, Syse Gard, Ulvik Frukt & Cideri, Hardanger Saft- og Siderfabrikk, OmCider, Eiane Gard og Forbuden Frukt med mange flotte prisar!

Vi gler oss med dykk og er glade for at Noreg hevdar seg internasjonalt som eit siderland å vera stolt av🇳🇴🤝

29/03/2026

Smak av Sogn Landhandel/Farmers Market
Gamle Lærdalsøyri | Old Town of Lærdalsøyri
Lærdal kommune

28/03/2026

Me har 2 ledige stillingar som vert/vertinne og butikkmedarbeidar i Smak av Sogn Landhandel i gamle Lærdalsøyri.

SOMMARJOBB SOM VERT ELLER VERTINNE?
Me tilbyr sommarjobb i gamle Lærdalsøyri Boutique leilegheiter (1.6 -1.9. 2026) som vert eller vertinne med følgjande arbeidsoppgåver:
- Rydde og reingjere leilegheiter
- Vaske, tørke og stryke sengeklede
- Legge på sengeklede
- Klargjere og reingjere kjøkken og bad
- Andre førefallande arbeidsoppgåver
- Ta i mot gjester av og til

Arbeidstid er dagtid med ca. 2-5 timar per dag.
Me tilbyr lønn etter avtale og fleksibel vaktliste.

Send søknad og CV til Helene Maristuen på [email protected]
Søknadsfrist: 15. april 2026.

SOMMARJOBB SOM BUTIKKMEDARBEIDAR
Me tilbyr sommarjobb (1.7. -1. 9. 2026) i Smak av Sogn landhandel som butikkmedarbeidar med følgjande arbeidsoppgåver:
- Rydde, pakke ut og prise varer
- Selje og gje informasjon til kundar
- Diverse kjøkkenarbeid (milkshakes, smoothies, bake bollar, osb.)
- Ta bilete og poste i sosiale media
- Reingjere og anna førefallande arbeid
Arbeidstid: 08.00 til 15.00 eller 11.00 til 17.00 (kan bli endra ved behov).
Me tilbyr lønn etter avtale og fleksibel vaktliste. Me er og opne for nye idear og det er rom for å vere kreativ.
Send CV og søknad til Helene Maristuen på e-post: [email protected]
Søknadsfrist: 15. april 2026.

For begge stillingene:
Me ønskjer personar som likar å prate med folk, som er serviceinnstilte og trivst med ein variert arbeidsdag. Erfaring er ein fordel samt det å kunne prate engelsk. Krav til alder er min.16 år.
NB! Merk søknad med kva type stilling du ønskjer. Det er ein stor fordel om du er fleksibel til å jobbe i begge stillingane. Me er også fleksible på utforming av vaktliste og stillingsprosent.
Velkommen til oss og Gamle Lærdalsøyri | Old Town of Lærdalsøyri😍

16/01/2026
Gratulerer til siderprodusentane i Sogn😀👏👏Ciderhuset Balholm Amble gaard Ølmheim Gard med fleire😀
15/01/2026

Gratulerer til siderprodusentane i Sogn😀👏👏
Ciderhuset Balholm Amble gaard Ølmheim Gard med fleire😀

I dag er en helt spesiell merkedag. Vi er i Berlin for å motta geografisk beskyttelse for sider fra Sogn – et viktig steg for å ivareta tradisjoner, kvalitet og lokal identitet. Dette er et stort øyeblikk, ikke bare for produsentene, men for hele regionen.

Jeg har tatt på meg bunaden og kjenner på både stolthet og forventning. Nå er jeg klar for en lang, minnerik og betydningsfull dag, med historisk sus fra Sogn – midt i Berlin.

Adresse

øyragata 16
Lærdalsøren
6887

Åpningstider

Mandag 11:00 - 15:00
Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00
Torsdag 11:00 - 15:00
Fredag 11:00 - 15:00
Lørdag 11:00 - 15:00
Søndag 12:00 - 15:00

Telefon

+4791877565

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Smak av Sogn Landhandel/Farmers Market legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Smak av Sogn Landhandel/Farmers Market:

Snarveier

Del