Hauane Gard-Osterøy

Hauane Gard-Osterøy Salg av usprøyta, lokalt produserte grønsaker.

Heisan! I går 23.11. arrangerte Ungdomslaget Fram julemarknad i fine Framhall på Hauge. Fullt hus som fylltest av betasu...
24/11/2025

Heisan!
I går 23.11. arrangerte Ungdomslaget Fram julemarknad i fine Framhall på Hauge. Fullt hus som fylltest av betasuppelukt, julemusikk, utstillarar med flotte produkt og mykje folk🌟🌲

For høvet( Special edition) selde eg litt bær og grønsaker på glas og flasker:
🍒🫐🧅Bringebærsaft, ripssaft (0,33 l flasker), bringebærsyltetøy, sylta rødbeter, gulbeter, polkabeter, raudløk og bringebæreddik.
Viss det er nokon som gjekk glipp av det, så vart eg ikkje utseld... ☘️

🧅Eg har framleis gul løk og purre om nokon ynskjer det.
Og om nokon ynskjer å lage sin eigen sylta raudløk, så har eg litt små raudløk att (+ bringebæreddik) Oppskrift kan du få med på kjøpet😊

Ynskjer dykk ei fin førjulstid🌞❄️🌟🌲

Mvh Lillian

21/10/2025

FREDAG 31/10 ~HALLOWEEN~

Vi har varme retter på menyen, utvalg av drikke, noe søtt til dessert + snacks.
Det blir en stemningsfull aften🩸Kom som du er. Dette eventet passer for alle❤️
Ps. denne kvelden har vi rettigheter frem til 23.

ÅPNINGSTIDER FREMOVER:
Torsdag- 11-16
Fredag- 11-16 (31.10 frem til kl 23)
Lørdag- 11-16
Søndag- 12-15

🍂Popp opp grønsaksal i Lonevåg ved Litland i morgon fredag 17.10. kl 11- 16.30🥦🥕🥒🧅🍂Då vert det høve til å handle nokre a...
16/10/2025

🍂Popp opp grønsaksal i Lonevåg ved Litland i morgon fredag 17.10. kl 11- 16.30🥦🥕🥒🧅

🍂Då vert det høve til å handle nokre av sesongens siste lokale grønsaker rett frå åkeren på Hauane på Revheim:

Purre, løk, raude, gule og polka beter, brokkoli, fargerike gulrøter, raud hovudkål, neper, kålrabi, grønkål (raud-, grøn- og svart/palme), hokkaido- små matgraskar, spagettigraskar, squash og pyntegraskar.

🍂Dyrka etter økologiske prinsipp med husdyrgjødsel og i vekstskifte☘️🌼

🎃OBS! Grønsakene er i begrensa mengde.

💚Inntekta frå salet av pyntegraskar vil eg gje til Osterøyhjelpen💚

🍂Betaling med Vipps eller kontant.
🍂Spørsmål: Kontakt Lillian på 97 01 48 02

VEL MØTT🌼

SMAK AV OSTERØY🥕🧄🧅🥒🥬  RETT FRÅ ÅKEREN KAN BESTILLAST:Med nydeleg septemberver kom dei første frostnettene her hos oss🌞❄️...
27/09/2025

SMAK AV OSTERØY🥕🧄🧅🥒🥬 RETT FRÅ ÅKEREN KAN BESTILLAST:

Med nydeleg septemberver kom dei første frostnettene her hos oss🌞❄️. Squash- og graskarplantar stod plutseleg med frostsvidde blad og måtte haustast og inn i varmen.
Spagettigraskar har eg foresten dyrka for første gong og kan anbefale dei ovnssteikt med tomatsaus og gratinert med ost😊

Ellers tåler dei fleste rotgrønsaker litt kaldare ver og kan stå godt i jorda ei stund til. Her på garden er vi heldige å ha ein god, gamal potetkjellar, der potet og rotgrønsaker til eige bruk kan lagrast heilt fram mot vår og neste vekstsesong.

For folk flest blir det vel i praksis å bruke kjøleskap og frysar, og i butikken kan ein handle det meste....
Men det er jo i tida å tenke litt meir sjølvforsyning og beredskap og hente fram eller tilegne seg kunnskapen om å foredle og lagre på krukker, flasker og glas. Og ikkje minst er det kjekt og meningsfullt. Sylta rødløk og beter feks, og ikkje er det vanskeleg, medan fermentering krev gjerne hakket meir arbeid og kunnskap.

Purren står veldig fin og har trivdes kjempegodt i år. Den held seg lenge kjølig, men kan og kuttast opp og frysast.
Grønkål kan og frysast, og vert heilt finsmuldra og fin å bruke i supper, smoothie og vegetarlasagne feks.

Løken heng til tørk og kan lagrast til neste vekstsesong tørt og i innetemperatur.

Det er framleis råd å bestille sesongens grønsaker frå Hauane. Dyrka etter økologiske metodar og hausta rett frå åkeren, anten de vil nyte dei ferske eller hamstre litt til foredling eller lagring for vinteren:

🍂Potet i 1,5 kg posar gul Undset kr 57 /pose
☘️Gul og raud løk kr 70/kg
🍂Purre kr 60/kg
☘️Gulrot fargemiks kr 60/kg
🍂Beter raud, gul, polka kr 80/kg
☘️Rotmiks 1,5 kg (gul og raud løk, gulrot, beter, kålrot og kvitløk) kr 105
🍂Hokkaido graskar 1-2 kg orange/grøn, kr 50/kg
☘️Små graskar/pynte kr 20-25/stk
🍂Squash, ca 1 kg kr 75/kg
☘️Spagettigraskar 1- 2 kg kr 50/kg
🍂Kålrot kr 60/kg
☘️Grønkål grøn/lilla/palme kr 40/200 gr
🍂Regnbogemangold kr 40/200 gr
☘️Salat kr 30-40/stk

Bestillast på messenger eller sms til Lillian 97014802, for henting i Kokkohuset, Bruleitevegen 42 på Revheim når det måtte passe etter avtale.
Betaling med Vipps eller på anna måte etter avtale.

God haust🍂🌼☘️

Godt beskreve korleis ein kan dyrke grønsaker utan kunstgjødsel og sprøytemiddel☘️
16/09/2025

Godt beskreve korleis ein kan dyrke grønsaker utan kunstgjødsel og sprøytemiddel☘️

Grønsaker hausta rett frå åkeren på Hauane kan bestillast og hentast etter avtale i Kokkohuset,  Bruleitevegen 42 på Rev...
31/08/2025

Grønsaker hausta rett frå åkeren på Hauane kan bestillast og hentast etter avtale i Kokkohuset, Bruleitevegen 42 på Revheim.

Dyrka etter økologiske metoder med vekstskifte, naturgjødsel og jorddekke.

🍁Potet, Undset gul 1, 5 kg pose kr 57
🌻Løk- gul, raud kr 70/kg
🍁Purre kr 70/kg
🌻Gulrot fargemiks bunt kr 45, kr 60/kg
🍁Beter-raude, gule eller polka kr 80/kg
🌻Kålrabi 0,5-1,5 kg kr 60/kg
🍁Neper, mai- og solanepe kr 60/kg-Utseld
🌻Salat, raud eller grøn Batavia, raud eller grøn Lollo, hjertesalat raud og grøn kr 30- 40/stk
🍁Squash 0,5- 1,5 kg kr 75/kg
🌻Grønkål blad-grøn, raud, palme/svart kr 40/200 gr
🍁Regnbogemangold blad kr 40/200 gr.
🌻Spisskål kr 60/ kg-Utseld

Bestilling til Lillian Bjørnseth på 97 01 48 02 eller messenger. Betaling via vipps 622415, eller på anna måte etter avtale.

God haust🍁🍂

30/08/2025

Hei 🥕Har sletta forrige innlegg med etterlysning av nokre forsvunne, bestilte grønsaker frå Kokkohuset.

Fekk ei oppklaring ganske raskt. Det var heldigvis ikkje tjuveri, men ein kanskje litt overivrig kunde som ikkje såg at grønsakene var merka med ein anna kunde sitt namn. Grønsakene er vippsa og betalte for, og nye grønsaker vert hausta😅

No skal eg lage ei tydelig merking i Kokkohuset😉

Beklagar viss det har vore dårleg opplyst, og folk ikkje har fått det med seg.

I praksis no så tek eg imot bestillingar på sms eller messenger, haustar og lagar til for utlevering i Kokkohuset til ein dag og tid som det passar for kunden å hente.
Ny annonse skal snart leggast ut, for det er mykje å hauste åkeren no. Eg har det meste av det som vart annonsert sist, og endeleg er gulrøtene og begynt å bli takande🥕🥕🥕

Så det er berre å ta kontakt🌼
På 97 01 48 02, sms eller messenger.

Helsing Lillian

Etterkvart veks det til i åkrane på Hauane, og litt meir av sesongens grønsaker er hausteklare🥔🥒🧄🧅🫛Grønsakene er dyrka m...
03/08/2025

Etterkvart veks det til i åkrane på Hauane, og litt meir av sesongens grønsaker er hausteklare🥔🥒🧄🧅🫛

Grønsakene er dyrka med naturgjødsel og utan sprøytemiddel eller kunstgjødsel.
Av følgande kan det no bestillast mindre eller større mengder:

☘️Potet Hassel (gul) og Juno(raud) kr 57:1,5 kg pose
🌸Sukkerert grøne og gule kr 40/200 gr
☘️Raud og/ eller gul løk bunt m blad kr 45, ca kr 15 /stk
🌸Beter, raud, gul, polka 3 stk bunt kr 45- 50 ca kr 15 /stk
☘️Purre kr 90/kg, ca kr 15/stk
🌸Squash 0,5-1 kg, kr 25-75/stk
☘️Kålrot 0,5-1 kg kr 60/kg
🌸Neper kr 12/stk
☘️Grønkål grøn, lilla, svart blad kr 40/200 gr
🌸Hjertesalat raud eller grøn kr 30/stk
☘️Mangold blad kr 40/200 gr
🌸Kvitløk tørka, kr 15-20/stk

Ein kan bestille på messenger, sms eller telefon til Lillian Bjørnseth 97 01 48 02.
Grønsakene kan hentast i Kokkohuset i Bruleitevegen 42 på Revheim når det måtte passe etter avtale.
Betaling via Vipps, eller på anna måte eventuelt.

God sommar vidare🌼

La oss sende gode tankar, heie på kvarandre, bruke og støtte det som skjer i lokalmiljøet, lokale bedrifter og aktivitet...
11/07/2025

La oss sende gode tankar, heie på kvarandre, bruke og støtte det som skjer i lokalmiljøet, lokale bedrifter og aktivitetar🌼.
Kjekt å ta turen innom Eides kafe og handleri på Valestrand og Kafé Osterøy i Lonevåg med ei helsing frå åkeren på Hauane, ynskje god sommar og lukke til🌞

Har du lyst på lokale, dagsferske, usprøyta, naturgjødsla grønsaker frå Osterøy? Sesongens første salat, kvitløk og grøn...
09/07/2025

Har du lyst på lokale, dagsferske, usprøyta, naturgjødsla grønsaker frå Osterøy?

Sesongens første salat, kvitløk og grønkål er no hausteklare og kan bestillast som før på sms eller messenger til Lillian 97 01 48 02.

🌼Salat kr 40/stk: Krusete Lollo, sprø Batavia og ekstra sunn Hjerte-/Romanosalat.
🌼Grønkål: grøn, rød og/eller svartkål kr 40/bunt/200 gr.
🌼Fersk kvitløk med stilk: stor kr 30, medium kr 25/stk

Utlevering/henting i Kokkohuset, Bruleitevegen 42 på Revheim etter avtale.

God sommar🌞

Adresse

Bruleitevegen 42
Lonevåg
5282

Telefon

+4797014802

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hauane Gard-Osterøy legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hauane Gard-Osterøy:

Del