Een gard

Een gard Her på Een gard under Lønahorgi på Voss, har familien vår halde til i generasjonar. Produksjon a Dei har eit godt og naturleg liv ute i det fri.

Me leverer kjøt av grasfôra storfe til privatkunder og restauranter, og har også ein liten marknadshage for sal av grønsaker. Me har hatt økologisk drift på garden vår sidan 2004 (Debio sertifiseringsnr. 13726). I tillegg driv me etter regenerative prinsipp, som vil sei at me brukar metoder for bygge opp og vedlikeholde jordliv og økosystemer. Dyra våre av den utryddingstruga, lokale storferasen V

estlandsk fjordfe. Og som vår kunde bidreg du altså til å oppretthalde denne bestanden. Kalvane kjem til verda i perioden mars–juli, og lever saman med mora heile livet. Frå mai og til midt i oktober beitar dyra i utmarka rundt garden og i fjellbeita. Urter, bladverk, lyng og gras er hovudnæringa til dyra, og dei får særs lite kraftfôr. Dette gir kjøt av særs høg kvalitet. Me leverer kjøt/grønsaker på Voss og i Bergen, både på faste henteplassar og via REKO-ring. Kontaktinfo:
[email protected]
tlf.: 93 09 25 24

Me har mykje godt kjøt til å ha på grillen i gardsbutikken 🥩☘️ Økologisk og grasfora! Gardsbutikken er sjølvbetjent med ...
15/07/2026

Me har mykje godt kjøt til å ha på grillen i gardsbutikken 🥩☘️ Økologisk og grasfora! Gardsbutikken er sjølvbetjent med vipps, så det er berre å stikke innom! Ænsmoen 64 ☘️🥩

Har du høyrt om porterhouse - storebroren til t-bone? Denne må du berre prøve på grillen i sommar! 🍀👩‍🌾🥩 Porterhouse skj...
05/06/2026

Har du høyrt om porterhouse - storebroren til t-bone? Denne må du berre prøve på grillen i sommar! 🍀👩‍🌾🥩 Porterhouse skjærer me kun av større og eldre dyr, noko som gir godt feitt og mykje smak! Og den er sjølvsagt frå grasfora og økologisk vestlandsk fjordfe! Porterhouse er skiver av filetkam, og består av ytrefilet med feittkappe og indrefilet. Den har eit større stykke indrefilet enn t-bone.

Rabarbraketchup! Vår heilt eiga oppskrift. Ein vaksen-ketchup. Knall til gode pølser på grillen og som tilbehør til kjøt...
30/05/2026

Rabarbraketchup! Vår heilt eiga oppskrift. Ein vaksen-ketchup. Knall til gode pølser på grillen og som tilbehør til kjøt. Syrleg og søt på ei og same tid, småsterk med litt røykpreg frå paprika og chipotle 🌶️ De finn den i gardsbutikken vår og på Reko-utlevering.

Akkurat no har me fersk brisket! Ikkje så ofte me skjærer denne stykningsdelen. Har kun 2 stk på ca 3 kg akkurat no. Ska...
30/05/2026

Akkurat no har me fersk brisket! Ikkje så ofte me skjærer denne stykningsdelen. Har kun 2 stk på ca 3 kg akkurat no. Skal me halde av til deg? Send oss pm! Økologisk og grasfora såklart! 🍀👩‍🌾

30/05/2026

Endeleg kunne me sleppe kvigene ut på beite! 🍀👩‍🌾 Og me får god hjelp av minstejenta til å gjere dei trygge og rolege ute i det fri. Me er heilt avhengig av at dei kjem når me roper på dei, for å kunne handtere dei ute og flytte dei dit me skal 🍀

Me har meir kjøttdeig i gardsbutikken! Gardsbutikken er open når me er heime (og det er me som regel 🍀👩‍🌾). Elles er sjø...
30/05/2026

Me har meir kjøttdeig i gardsbutikken! Gardsbutikken er open når me er heime (og det er me som regel 🍀👩‍🌾). Elles er sjølvbetjening med vipps også heilt topp! Ænsmoen 64 🍀

09/05/2026

Frukosten er servert 🍀👩‍🌾🧑🏽‍🌾

Me har laga meir plommesyltetøy og bringebærsyltetøy 🫐🍒 Stikk innom gardsbuktikken vår, eller bestill på Reko-ring. Ein ...
08/05/2026

Me har laga meir plommesyltetøy og bringebærsyltetøy 🫐🍒 Stikk innom gardsbuktikken vår, eller bestill på Reko-ring. Ein finn også syltetøyet vårt hjå Matauk på Vangen!

Pakker bestillingar i gardsbutikken i kveld ☺️ Sjekk den fine skjærefjøla som gutane våre har laga her på garden! 🪚Dei k...
06/05/2026

Pakker bestillingar i gardsbutikken i kveld ☺️ Sjekk den fine skjærefjøla som gutane våre har laga her på garden! 🪚Dei kan ein få kjøpt både her i gardsbutikken og i nettbutikken 🍀

Me har meir storfetalg i gardsbutikken 🍀 Kan også bestillast til Reko Fana 12. mai, Reko Voss 13. mai Talg er fantastisk...
06/05/2026

Me har meir storfetalg i gardsbutikken 🍀 Kan også bestillast til Reko Fana 12. mai, Reko Voss 13. mai

Talg er fantastisk til steiking, baking og fritering, og er særs næringsrikt. Talg er rikt på omega 3-feittsyrer og inneheld vitamin A, D, K og E.

Gardsbutikken er open når me er heime (og det er me som regel!), her er også sjølvbetjening ☺️ Finn varene du ynskjer, og betal med vipps 🍀 Velkomen innom!

Adresse

Ænsmoen 64
Vossevangen
5710

Telefon

+4793092524

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Een gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Een gard:

Snarveier

Del